Dronning Sonja og dagleg leiar Anne Kjos-Wenjum Armas. Foto: Sunnmørsposten   Reinsdyr   mineralutstilling ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

 

 
     

Index

Kart

Film

Utstillingar

Botanisk hage

Geologisk park

Aktivitetar

Undervisning

Nasjonalpark

Aktuelt/nytt

E-post

 

 

Utstillingar

Ferdsel over Jostedalsbreen .

Jostedalsbreen var i tidlegare tider nytta som ferdselsveg og det gjekk store fedrifter over breen over mot Austlandet fram til ca 1930. Det var autoriserte breførarar som førte folk over breen. Å ferdast på bre krev at du går med ein autorisert breførar. Det er djupe bresprekker som kan vere skjult av snøen, og som krev at vi ferdast med respekt for breen.

Dyrelivet

På Strynefjellet beitar rein av Norges største villreinstammar, Ottadalstammen. Der det er reinsdyr er det gjerne jerv og i fjella her er mange spor etter jerv. I dalane kring Jostedalsbreen er det gaupe. Bjørn og ulv er ikkje lenger her i området men var vanleg i tidlegare tider. I dag kan det vere streifdyr av bjørn og ulv i Jostedalsbreområdet.

Stryn har ein av dei største bestandane av hjort i Sogn og Fjordane.

Skred

Kvart år går det snøskred, steinskred og flaumskred i dei bratte bredalane.

I 1905 og 1936 fall det store steinblokker i Lovatnet som skapte 70 meter høge flodbølgjer og der 135 menneske omkom. Dette er dei største naturkatastrofene som har vore i kjent tid i Norge.

Kvar vår går det snøskred i elva i Sunndalen som demmer opp vatnet i elveløpet. Nokre gonger kan det bli store vassmengder. Demningen kan kome som eit opptil 12 meter høgt flaumskred ut av Jølet i Sunndalen mot husa på Folven.

Geologi

Bergrunnen i dette området består av Gneis, Granitt og Gabbro. Kring 40 istider har forma dei karakteristiske u-dalane og sett sine spor i landskapet.

Fylkessteinen for Sogn og Fjordane er Eklogitt, verdas tyngste stein der 1 liter veg 3,3, kilo.Thulitt er Norges nasjonalstein.