Olav Gjærevoll, Gro Harlem Brundtland, Anne Kjos-Wenjum Armas under opninga av Jostedalsbreen Nasjonalparksenter   Breifonna, Storskredfjell i Oppstryn, Stryn   Tindefjell i Oppstryn, Stryn
 
     

Index

Kart

Film

Utstillingar

Botanisk hage

Geologisk park

Aktivitetar

Undervisning

Nasjonalpark

Aktuelt/nytt

E-post

 

 

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Grønt vatn og elvar, høge snøkledde tindefjell og midt i dette panoramaet ligg Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Senteret ligg like ved grensa til nasjonalparken. Det ligg vakkert til ved Strynsvatn som var ein del av fjorden for mange tusen år sidan. Det vakre landskapet av vatnet og fjella kring er som eit levande postkort.

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er ei privat stifting med idealistisk formål. Nasjonalparksenteret vart opna 19.juni 1993 av statsminister Gro Harlem Brundtland. Prof. Olav Gjærevoll, verdas første miljøvernminister var senteret sin styreformann frå 1990-1994 og han kom til å prege mykje av innhaldet ved senteret.

Hovedbygningen til Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er konstruert med stavkonstruksjon som eit vikinghus. Bygningen er omtrent så stor som det største vikinghuset dei har funne tuftene etter i Norge. Arkitekt for bygningen er Stryn Arkitektkontor. I kontrast til det gamle langhuset ligg kinosalen i moderne stil i polert norsk stein. Dette symboliserer møte mellom fortid og framtid: Vi byggjer på fortida for å ta vare på framtida.

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er autorisert av Miljøverndepartementet.

Opningstider:

  • 18.Mai- 31.mai: 10-16
  • Juni: 10-16
  • Juli 10-18
  • August: 10-16
  • September:1.-14.september: 10-16
  • 15.september- 17.mai: Ope for grupper på bestilling