Hjort ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter   Ordfører i Stryn og ordfører i Hornindal   Leif Vinsrygg spelar lur på taket av Jostedalsbreen Nasjonalparksenter
 
     

Index

Kart

Film

Utstillingar

Botanisk hage

Geologisk park

Aktivitetar

Undervisning

Nasjonalpark

Aktuelt/nytt

E-post

 

 

Nytt

Laurdag 10.juli kl 20.00 i kinosalen: Prof.Atle Nesje, UiB: Korleis dei norske fjordane vart til. Billedprogram Foredraget, som vil vare i omlag 45 minutt, vil omhandle kva for prosessar som har vore med å utvikle fjordlandskapet på Vestlandet og kor langt tilbake i tid vi kan spore utviklinga av fjordane.

Laurdagsturen ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter 2010

Laurdagsturen ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter vil føregå alle laurdager frå 3.juli til 8.august. Det vil bli geologisk tur ,botanisk tur og kulturhistoriske turar Allemannsretten og kva som er lov til å gjere når du ferdast ute i naturen vil bli orientert om på alle turane som går i utmark.

Laurdagsturen startar kl 10 med frammøte gitt av den einskilde turen. Turleiarar vil vere prof.Atle Nesje (Universitetet i Bergen), gartner Inger Fure (Jostedalsbreen Nasjonalparksenter) , pedagog Marie Johanne Folven (Oppstryn skule) og fjellførar Jon Aaning (Oppstryn). Prosjektleiar for laurdagsturen er Anne Kjos-Wenjum Armas.

Alle turane er gratis å delta på. Det er ikkje nødvendig å melde seg på turane, berre møt opp kl 10 på avtalt stad! Ta med niste.  Initativet er i samarbeid med Folkeakademiet Stryn

TUR 1

Laurdag 3.juli: Botanisk tur i Bødalen med Inger Fure, ca 4 timar

Frammøte: Vegkrysset til Bødalen ved bomstasjonen. Frå bomstasjonen blir det samkøyring opp til parkeringsplassen ved Bødalssetra. Innover mot Bødalsbreen er eit særeige planteliv bl.a.på igjengrodde breelvsletter og det aktive sandurdeltaet

 TUR 2

Laurdag 10.juli: Geologisk tur i Erdalen med Atle Nesje,ca 5 timar

Frammøte: Parkeringsplassen på Greidung. Erdalen har mange interessante kvartærgeologiske avsetningar, til dømes morener og breelvavsetningar. Mellom dei to setrane i Erdalen ligg store breelvsletter.

 TUR 3

Laurdag 17.juli: Kulturhistorisk  og botanisk tur til Skjeringsdalen med Inger Fure, ca 4 timar Tema: Botanikk og kulturhistorie. Frammøte: På parkeringsplassen ved Skjeringsdalsetra Ved kyrkja om lag 1km frå setra er der tufter frå ein muleg ødestøl, det same på Gamle Sætrekulen eit stykke lenger framme.

 TUR 4

Laurdag 24.juli: Kulturhistorisk tur til Stol i Glomsdalen med Jon Aaning, ca 7 timar 

Frammøte: Oppstryn skuleGlomsdalen er ein 10 km lang dal med gamle busetningar og kulturlandskap. Inst i Glomsdalen er det funne tufter og skålegroper frå jernalderen.

TUR 5

Laurdag 31.juli: Kulturhistorisk tur til Kamperhamrane i Sunndalen med Marie Johanne Folven, ca 7 timar

Frammøte: Buda ved Folven. Ved Buda organiserar vi oss med køyring fram til parkeringsplassen på Sunndalen(bomveg). Mykje kulturhistorie er knytta til Sunndalen. Her har i uminnelege tider vore drive slått, beiting og setring. Før Strynefjellsvegen opna i 1895, var Sunndalen ferdselsveg mellom aust- og vestlandet. Opp Kamperhamrane er stien delvis lagt i trapper.

TUR 6

Laurdag 7.august: Kulturhistorisk tur til Maradalen på Strynefjellet med Inger Fure og Bjørn Dalen , ca 5 timar . Tema: Kulturhistorie og gamle dyregraver

Frammøte: Buda ved Folven for samkøyring opp gamle Strynefjellsvegen

Maradalen er ein beitedal for reinsflokken på Sør-vest området og fangstgraver viser der har vore rein lang tid bakover.

 

Breane går stadig tilbake.

Frå professor Atle Nesje ved Universitetet i Bergen, har vi fått opplyst at dei mest kjende breane i Stryn har gått tilbake slik siste året:

Briksdalsbreen – 22 meter

Bødalsbreen -52 meter

Kjenndalsbreen -93 meter

Brenndalsbreen -29 meter

Godt år ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter 2009:

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn held fram med gode resultat og i år har senteret hittil hatt 36719 billettar og det vil bli nokre fleire før året tek slutt så det er like ved å bli rekordsesong for Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i 2009.Tidlegare rekord er frå 2004 då senteret hadde 37281 billettar

I juli månad hadde Nasjonalparksenteret rekordomsetning

Dagleg leiar Anne Kjos-Wenjum Armas kan ikkje skjule at ho er nøgd med årets sesong. I forkant av sesongen la senteret inn innsparingar blant anna på talet på tilsette, men årets sesong har vore ein suksess for senteret.
 
Dagleg leiar Anne Kjos-Wenjum Armas fortel at det i år har vore ein del individuelle russarar i tillegg til fleire individuelle frå Spania, Belgia og Italia særleg og også auke frå tidlegare austeuropeiske land men klar nedgang i tyske og hollandske gjester. Det har også vore fleire finske, danske og svenske gjester blant dei individuelle.

 

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn har dette året hatt sitt høgaste billettsal i juni månad sidan oppstarten i 1993. I tillegg har Nasjonalparksenteret dette året høg aktivitet på guida faglege turar ute i naturen med 10 gratis laurdagsturar heile sommaren. Dagleg leiar Anne Kjos-Wenjum Armas seier at senteret i høgste grad har teke finanskrisa på alvor. Vi har færre tilsette og eg tek meg sjølv av det daglege mottaket av gjester seier dagleg leiar ved senteret. Men i juni i år selde vi 10551 billettar mot tidlegare rekord  10315  i   2007 seier Anne kjos-Wenjum Armas.
 
Senteret har i år investert i nye klimautstillingar for Jostedalsbreen ved professor Atle Nesje, Universitetet i Bergen. Same Atle Nesje har i den populære brefilmen ved senteret laga ein rekonstruksjon tilbake til maksimum av siste istid som viser Jostedalsbreen frå istida fram til i dag. Filmen ved senteret er på mange språk og Anne Kjos-Wenjum armas fortel at dette året har dei hatt fleire individuelle på italiensk, spansk og fransk men færre hollandske og tyske turistar.I tillegg til film og utstillingar har senteret geologisk park og botanisk hage som vart planlagt av professor Olav Gjærevoll allereie i 1993 og som i dag har over 400 ville blomster, frå arktisk til varmekjær flora.

 

Prof Atle Nesje (Universitetet i Bergen) med ny Klimautstilling på Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Prof. Atle Nesje har i samarbeid med leiinga på Jostedalsbreen Nasjonalparksenter laga ei klimautstilling på senteret som særleg tek for seg klimasvingingar for Jostedalsbreen med vekt på breane i Stryn.

Gjennom dei siste 2,7 millionar år har det vore store klimasvingingar og til saman har vi hatt minst 40 istider på 2,5 millionar år. Under istidene var havnivået 100-150 meter lågare enn i dag fordi store vassmengder var bunde i dei store isdekka.

I perioden etter siste istida har det vore to breframstøyt. For 8200 år sidan var det ei kortvarig klimaforverring. Under ”den vesle istida” rundt 1750 var breen i Briksdalen på sitt største i denne perioden. Det er skriftlege kjelder som fortel at dette var ei hard tid for bøndene i området. Garden Tungøen  som var ein av dei største gardane i Oldedalen, vart øydelagt av ras frå Brenndalsbreen i desember 1743.Alle bygningane, folk og husdyr vart sopa vekk. Berre to personar og to kyr overlevde. Etter dette vart ikkje garden bygd opp att.

 Klimautstillinga tek opp spørsmålet om Jostedalsbreen er ein rest etter siste istid. Det er særleg lagt vekt på landskapselement frå Stryn som hengande daler, moreneryggar og breelvavsetningar.

Leiinga ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er glade for at Atle Nesje  bidreg med sin kompetanse på senteret i heimkommunen sin, ei klimautstilling for Jostedalsbreen er svært interessant i dag.