Breifonna i Oppstryn   Frå Hjellehynna i Oppstryn mot Jostedalsbreen   Strynedalen

 

     

Index

Kart

Film

Utstillingar

Botanisk hage

Geologisk park

Aktivitetar

Undervisning

Nasjonalpark

Aktuelt/nytt

E-post

 

 

Jostedalsbreen nasjonalpark

Jostedalsbreen nasjonalpark er med sine 1315 km 2 den 4. største nasjonalparken i landet. Nasjonalparken vart oppretta i 1991 og utvida i 1998. Jostedalsbreen er ein stor platåbre med mange brearmar og er den største breen på fastlandet i Europa. Nasjonalparken inneheld òg mange andre mindre brear.

Breane og smeltevatnet har danna ei mengde med morener og andre geologisk interessante formasjonar. Heile området er særmerkt med dei store kontrastane over korte avstandar frå fjordar og frodige stølsdalar til karrige fjell- og breområde.

Sprudlande bekkar, elvar og fossar i fjellsidene og dalane kjenneteiknar området. Nasjonalparken  er eit av dei største områda med kvalifisert villmark som er att i Sør-Noreg. Jostedalsbreen vert nytta til friluftsliv, undervisning og forsking. Nokre av brearmane er av dei mest vitja turistattraksjonane i Noreg. I dalane kring breen  er det eit aktivt jordbruk.

Dalføra Sunndalen, Erdalen og Bødalen vart med i nasjonalparken i 1998 etter at Stortinget gjennom Verneplan IV for vassdrag avgjorde at Stryne- og Loenvassdraga (Breheimen-Stryn) ikkje skulle byggjast ut.

Forvaltningsplan for nasjonalparken var ferdig og godkjend (1994). Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ansvarleg for forvaltning av nasjonalparken, og Statens naturoppsyn (SNO) er ansvarleg for skjøtsel, informasjon og oppsyn.