blomster,reinrose   Hagen ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter   Bergfrue, fjelldronning

 

     

Index

Kart

Film

Utstillingar

Botanisk hage

Geologisk park

Aktivitetar

Undervisning

Nasjonalpark

Aktuelt/nytt

E-post

 

 

Botanisk hage

I hagen veks over 400 ville planter som alle er namneskilta .Det var prof.Olav Gjærevoll som i 1993 sette i gang arbeidet med den botaniske hagen der det er både arktiske og varmekjære ville blomster i same hage.Minnetavle over Olav Gjærevoll vart avduka i den botaniske hagen i 1995 av dåverande miljøvernminister Thorbjørn Berntssen.

Dei første plantene blomstrar tidleg om våren medan dei siste blomstrar i September. Den største blomstringa finn vi i slutten av mai, juni og juli. Då er hagen det reinaste blomsterhavet!

Ved utval av plantene vart det valgt ut planter med lokalhistorisk bakgrunn.

Den første planta som kom etter istida for 9000 år sidan var Tindeved. Den finst i dag berre få stader i Norge, blant anna i hagen på Nasjonalparksenteret. Her finn du ”verdas minste tre” Musøyre. Dei kjøtetande plantene frå distriktet veks her, grønsakene til vikingane,med meir. Du kan bestille urtete i kaffibaren frå planter i hagen som er for god helse og venleik. Plantefrø frå hagen er til sals i souvenirbutikken.