Krystallen i geologisk park ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter   Heidi Grande Røys i geologisk park ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter   Geologisk park ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Stryn
 
     

Index

Kart

Film

Utstillingar

Botanisk hage

Geologisk park

Aktivitetar

Undervisning

Nasjonalpark

Aktuelt/nytt

E-post

 

 

Geologisk park

Geologisk park med nasjonalsteinen, alle fylkessteinane i Noreg og kommunesteinar frå Sogn og Fjordane.

Bergartene er delt opp i 3 hovedtyper:

  • Eruptive
  • Sedimentære
  • Metamorfe

Dei eruptive er størkningsbergarter eller magmatiske bergarter danna ved at smeltemasse (magma) størknar.

Dei kan igjen delast opp i:

  • Djupbergarter. Størkna djupt under jordoverflata.
  • Gangbergarter. Størkna i sprekker
  • Dagbergarter. (Vulkanittar)  Størkna på jordoverflata. (Lava)

Dei sedimentære er bergarter som er danna ved herding av lag som er avsett på land eller i vatn.

Dei metamorfe (omdanna, omkrystalinske) er omdanna av andre bergarter i jordskorpa som fylje av høg temperatur eller høgt trykk

Stryn :Augegneis (metamorf bergart)

Denne gneisen er danna av tidligare djupbergarter      og med ein granittisk til diorittisk samansetjing Grunnmassen er pyroksen og biotitt, dei lyse augene er to typer feltspat. Gneisen har vekslande lyse og mørke band eller striper og kvit/ bleikrosa ”auger” av feltspat. Alder og opphav er usikkert, men truleg omdanna grunnfjellsbergart mellom 1000- 1700 mill år.